Styrking av kommunalt fosterheimsarbeid i Møre og Romsdal.

100 % stilling som prosjektleiar

Frå og med 2019 har regjeringa gitt midlar til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk for å styrke kommunane si oppfølging og rettleiing av kommunale fosterheimar.

Prosjektperioden er i første omgang fram til 2022.

I februar blei det lyst ut 2 stillingar som skal arbeide i eit prosjekt for å utvikle dette fagfeltet i samarbeid med barneverntenestene i fylket. Det er oppretta ei styringsgruppe som er representert med kommunale barnevernsteneste, Bufetat, KS, Høgskulen i Volda og Fylkesmannen.  

Den første prosjektleiaren er allereie tilsett og det er difor ønskeleg med oppstart snarast råd.  

Prosjektet er finansiert av årlege løyvingar og vi tek atterhald om endringar i vilkåra på grunn av dette.   
Stillinga blir organisatorisk knytt til eit barnevernskontor i fylket. Den tilsette vil i stor grad ha heimekontor.

Stillingsannonse finn du her