Statsborgarseremoni – ein dag for glede og stoltheit

95 nye statsborgarar, full sal og god stemning Kristiansund: Statsborgarseremonien vart både ei høgtideleg markering og ein varm velkomst til det norske fellesskapet.

1180 personar fekk statsborgarskap i Møre og Romsdal i 2025, og dei kom frå 86 ulike land. På seremonien i Kristiansund 6. september var nye statsborgarar frå kommunar på Nordmøre og i Romsdal samla.

Illustrasjon - Klikk for stort bildeStatsborgarseremoni Susanne Kathrin Aare Dahl

Saman på den store dagen

– Mora mi anbefalte oss å bli med på statsborgarseremoni, fortalde Kattia Mathe Majoro på veg inn til seremonien.

Ho og broren Josue Mathe Majoro er nye statsborgar. Mannen hennar Arnold Adukule og borna Ariella og Marilynn var med som gjestar.

Kattia og Josue er frå Kongo, mens Arnold er frå Uganda. 

–  Vi kjenner på glede og stotheit over å vere her i dag, sa Kattia smilande. 

Rom for både feiring og minne

Statsborgarseremoniar er høgtidelege og feststemte markeringar, men årets seremoni finn stad i ei tid prega av sorg etter H.M. Kong Harald V sin bortgang. Seremonien gav derfor også rom for å minnast Kongen gjennom eitt minutts stillheit og framføring av «Kongesangen».

– Vi valte å gjennomføre denne dagen fordi vi meiner at det er i Kong Harald si ånd. Han ville likt at vi inviterte til fest for å feire at de no er ein del av det Noreg som han gav alt for, og som han elska, sa statsforvaltar Else-May Botten i talen sin.

Ho oppmoda dei nye statsborgarane til å bruke stemmeretten sin og  å engasjere seg i lokalsamfunna. 

 – Eitt nytt kapittel i livet dykkar startar i dag. Nå bur de ikkje berre i Noreg. No er de er ein del av Noreg. Vi håper de vil vere med på å gjere Møre og Romsdal, og Noreg, enno betre.

Gratulerte frå kommunane

Ordførar i Smøla kommune, Svein Roksvåg, var gjestetalar.

– De som samla er her i dag, bidreg med erfaring, språk, tradisjonar og perspektiv. Dette styrkar Noreg. Mangfald gjer oss rikare.

Han gratulerte dei nye statsborgarane med dagen på vegne av kommunane.

– Vi gler oss til å ha dykk i nabolaget, som medborgarar, kollegaer, vennar og samfunnsbyggarar.

Vil vere ein del av det norske samfunnet

På seremonien i Kristiansund hadde Smøla-ordføraren fire nye statsborgarar, nemleg familien Nicolai frå Tyskland.

Roksvåg meiner det er viktig å feire nye statsborgarar.

 – Dei nye borgarane har stor betydning for småsamfunna. Dei er ein viktig del av både arbeids- og samfunnsliv, og ikkje minst frivilligheita.

Mor i familien, Simone Nicolai, fortalde at det kjentest riktig å bli norske statsborgarar no. 

Ho og mannen var ofte på Noregsferie då dei var unge.

– Vi var einige om at vi skulle flytte hit då vi var pensjonistar. Men tilfeldigheiter gjorde at det skjedde lenge før, og no har vi budd her i 20 år, fortalde ho. Vi forelska oss i den norske naturen, men mest av alt i folket. Vi har møtt så mange imøtekommande, hyggelege og hjelpsame menneske på vår veg – og spesielt på Smøla.

– Det er eit utrykk som er mykje brukt i Noreg, og som vi likar veldig godt: Det ordnar seg!

 

Lova truskap

Etter talane gjekk dei nye statsborgarane opp på scena kommune for kommune. Der fekk dei rose og bok, før dei vart fotograferte. Deretter reiste alle seg og framførte truskapsløftet:

«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»

Seremonien vart avslutta med felles framføring av nasjonalsongen.

Samla til feiring

Då den formelle delen var over, heldt markeringa fram med kaffi, kake, is og brus. Kulturfabrikken var fylt av smil, gratulasjonar og samtalar mellom nye statsborgarar, familiar og inviterte gjester.

For mange vart dagen både ei markering av vegen dei har gått, og starten på eit nytt kapittel som norske statsborgarar.

Laurdag 5. september var det også seremoni i Ålesund for nye statsborgarar busette i kommunar på Sunnmøre, i Rauma og på Vestnes.