Lansering av "Gammalt frå Hustadvika 2026"

Tysdag 3. november kl. 18.00 blir det lansering av årboka «Gammalt frå Hustadvika 2026» på Hustadvika bibliotek.

Årets utgåve er på heile 304 sider og inneheld 36 artiklar frå heile kommunen. Her er det mykje interessant lokalhistorie å fordjupe seg i!

Under lanseringa vil Kjellrun Johanne Remmen presentere den nye årboka. Kjell Arthur Rødal fortel om hybelliv og ungdomstid i Elnesvågen, medan Jonny Lyngstad tek oss med tilbake til historia om eit attentat på ein bil i Bollia.

Anne Holen Helseth vil vise fram ein ny måte å søkje i årbøkene på, og Linn Kamilla Drågen og Jorunn Nordhaug Dale vil fortelje om bunad med røter frå ytre Romsdal.

Det blir også servert kaffi med noko attåt.

Velkommen til ein triveleg kveld med lokalhistorie på Hustadvika bibliotek

Illustrasjon - Klikk for stort bildeGammalt frå Hustadvika 2026.jpg