Vegar ute til høyring i Hustadvika kommune

To vegar på Farstad er ute på høyring.

Høyringsfrist på desse adresseparsellane er satt til 08.03.2020

Forslag til namn kan sendas inn til Fræna Kommune enten elektronisk, på post eller ved personleg oppmøte. Det er spesielt viktig at ein kontrollerer at namnet ikkje allereie er i bruk, eller liknar for mykje på eksisterande namn som er tatt i bruk.

Eksisterande vegnamn og autoriserte skrivemåtar kan søkjast opp ved å bruke stadnamntenesta sin kartklient: http://norgeskart.no/ssr/

Desse vegane er ute på høyring:

Vegparsell 1125
Denne vegen ligg i reguleringsplana Sandblost. Vegen heitte tidlegare Myravegen, men måtte endre namn då Myravegen også eksisterte i Eide kommune. Vegen er ikkje bygd.

Vegparsell 1148
Denne vegen ligg i reguleringsplana Skotten-Nikolaijordet bustadområde.