Høring - forskrift om skulereglar i Hustadvika kommune

Sei di meining om skulereglane!

Innspel sender du på e-post til postmottak@hustadvika.kommune.no

Høyringsfristen er innan 10. november 2024. 

Kort fortalt

Frå hausten fekk Noreg ei ny opplæringslov. Lova inneheld reglar som gjeld for skulen og opplæringa du får.

I den nye lova står det at kommunen skal laga skulereglar. Skulereglar er det same som fram til no har vorte kalla "ordensreglement".

Elevar, lærarar, foreldre, føresette og alle andre i Hustadvika kommune kan få seie si meining om forslag til nye reglar fram til 10. november.  

Frå ordensreglement til skulereglar

  • Skulereglar er det same som fram til no har vorte kalla ordensreglement. Det er fleire grunnar til at «ordensreglement» skal byta namn til «skulereglar»:
  • «Skulereglar» er eit mindre gammaldags ord enn «ordensreglement»
  • Skulereglane skal gjelde for heile skulesamfunnet
  • Skulereglane skal ikkje berre ha reglar om kva som er god orden, men også om kva som er god åtferd, kva som ikkje er tillatne, kva skulen kan gjera dersom du bryt reglane og om korleis skuledemokratiet skal vere.
     

Vi har laga ei eiga nettside med det nye forslaget til skulereglar.

Du kan også lasta det ned eller lese det nye forslaget som PDF.  (PDF, 171 kB)

Skulereglane kan vere felles eller ulike

Skulereglene kan vere felles for alle skulane i ein kommune. Kommunen kan også vedta nokre reglar som er felles i kommunen og la skulane bestemme resten sjølv.

I Hustadvika kommune har vi laga eit forslag til felles skulereglar som skal gjelde for alle skulane i kommunen. Samtidig har vi laga ein regel som opnar for at skulen kan laga nokre reglar sjølv. Skulen sine eigne reglar kan ikkje vere i strid med fellesreglane. 

Elevane skal få medverke

Elevane skal få vere med å lage reglane og seie korleis dei bør vere. Å laga skulereglar er ein viktig del av skuledemokratiet. Skulereglane skal handle om det som er viktigast for deg og medelevane dine på skulen. 

Om mobiltelefon på skulen

Nasjonale styresmakter har tilrådd at alle barneskular og ungdomsskular lagar reglar som seier at elevane ikkje skal bruke mobiltelefonar eller smartklokker på skulen – verken i timane eller i friminutta. Samtidig seier styresmaktene at det er opp til kvar kommune å bestemma korleis det skal vere i kommunen deira.

I Hustadvika kommune har vi foreslått at det skal vere mobilfritt på skulen. Kva synest de om dette? Er det ein grei regel? Er det greitt å ha same regel for alle skulane, eller bør skulane, trinna eller klassane sjølv få bestemme reglane for kvar, når og korleis elevane kan bruke mobiltelefon? 

Elevane har rettar og plikter

Retten til å medverke er ein av rettane du har som elev. Du har også rett til å bli høyrd, til å få informasjon og til å seie di meining. Skulen skal lytte til deg og leggje vekt på meininga di når dei bestemmer. Det betyr ikkje at du automatisk får det som du vil, men at skulen skal tenkje på kva som er opplevinga di og dine tankar om ei sak.

Skulen skal alltid prøve å handle slik at det vil vere til det beste for deg. Dette kallar me «barnets beste». «Barnets beste» er ein regel som står i FNs barnekonvensjon og i Noregs lover - både i Grunnlova og i opplæringslova. Derfor gjeld denne regelen også for skulereglane og i kvardagen din på skulen.

Som elev har du også plikter. Mellom anna har du plikt til å møte på skulen, gi beskjed om du er sjuk, delta aktivt i opplæringa og gjere skulearbeidet så godt du kan. Du har også plikt til å behandle andre fint og bidra til at det er trygt og godt for alle å vere på skulen.

Mange av rettane og pliktene du har som elev, står i kapittel 10 i den nye opplæringslova. Nokre rettar og plikter står også i skulereglane. Som sagt kan ikkje kommunen eller skulen sine eigne reglar vera i strid med andre lover og reglar. Reglane i skulen kan derfor ikkje ta frå deg til dømes retten til å bli høyrd eller til å medverke i avgjerder som gjeld deg. 

Reglar om skuledemokratiet

I dagens opplæringslov er det bestemt at alle skulane skal ha eit elevråd, eit foreldreråd, eit samarbeidsutval og eit skulemiljøutval. I den nye lova får kommunane og skulane lov til å bestemme sjølv korleis dei vil organisere skuledemokratiet.

I den nye opplæringslova, og i forslaget til skulereglar i Hustadvika kommune, er det sett som ein hovudregel at alle skular skal ha eit elevråd og eit foreldreråd. Samtidig har vi sagt at de kan velje å organisere dykk annleis. Viss de ønskjer å organisera skuledemokratiet på ein annan måte på skulen din, må de lage eigne reglar om dette.

I forslaget til felles skulereglar i Hustadvika kommune, har vi også laga ein regel om at kvar skule skal ha eit samarbeidsutval. Vi har skrive om kven som skal vera med i samarbeidsutvalet og litt om korleis utvalet skal arbeide.

Å diskutere korleis elevane kan medverke på ein god måte, kan vera ei spennande sak å snakka om i skuledemokratiet. Korleis ønskjer de å vere med på å bestemme? Er de samde i regelen om at alle skular skal ha eit samarbeidsutval? Korleis ønskjer de elevar å samarbeide om korleis de har det på skulen? Kan de organisere skuledemokratiet på ein måte som gjer at alle tør å seie si meining?

Kva som er ein god måte å organisere skuledemokratiet på, kan variere frå skule til skule og frå trinn til trinn. Til dømes kan nokre skular synest det er betre å diskutere og bestemme i allmøte, der alle kan delta, enn i elevråd. Kanskje de også kan komme med forslag og stemme i saker digitalt? Nye medverknadsformer kan gjere at fleire engasjerer seg og deltek i skuledemokratiet. På den andre sida kan faste ordningar som folk kjenner til, gjere det lettare å få skuledemokratiet til å fungere i praksis. 

Viss du bryt skulereglane

Skulereglane inneheld også reglar om kva tiltak skulen kan bruke dersom du bryt reglane for god orden og åtferd. Skulen kan berre bruke tiltak som står i skulereglane. Tiltak som ikkje står i skulereglane – til dømes merknad eller gjensitting - kan ikkje brukast.

Tiltaka skal stå i forhold til kor alvorleg brotet på skulereglane er. Målet med eit tiltak skal ikkje vere å straffe eleven, men å reagere slik at eleven forstår kva regel som er broten og bidra til at eleven følgjer regelen i framtida. Viss du har brote ein regel, kan ikkje heile klassen blir straffa for det.

Det alvorlegaste tiltaket skulen kan setje i verk, er å vise ein elev bort frå undervisninga. Dette er eit tiltak skulen berre kan bruke i heilt spesielle unntakstilfelle og ved fleire og grove brot på skulereglane. Synast de det framleis skal vere høve til å vise elevar bort frå skuleområdet i heilt spesielle unntakstilfelle? Eller held det at eleven blir vist bort frå undervisninga og får vere ein annan stad på skulen? 

Vurdering

Ordenen og åtferda di skal vurderast ut frå skulereglane. Kva du kan i faga skal ikkje takast med i denne vurderinga.

Orden heng saman med om du kjem i tide, er førebudd og gjer skulearbeidet ditt.

Åtferd heng saman med om du viser omsyn og respekt for andre.

Vurderinga i orden og i åtferd skal bidra til at du lærer sosiale ferdigheiter, at skulemiljøet blir trygt og godt og at du får vite kva som er god orden og åtferd. Du skal få vite om kva som står i skulereglane.

I vurderinga av ordenen og åtferda di, skal det takast omsyn til føresetnadene dine. Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar, med mindre dei er særleg klanderverdige eller grove.

Er reglane for god orden og åtferd klare og enkle å forstå? Er reglane for strenge, for lite strenge eller passe strenge? 

Sei di meining!

Hustadvika kommune ønskjer innspel på desse forslaga.

Vi ber spesielt elevane sende inn si meining om forslaget til nye skulereglar. Dei kan seie si meining gjennom representanten til klassen i elevrådet. Dei kan også sende inn si personlege meining.  

Vi ønskjer mellom anna tankane om desse spørsmåla:

  • Kva reglar bør vera felles for alle skular og kva bør skulen få bestemme sjølv?
  • Er reglane enkle å forstå?
  • Kva reglar støttar de? Er det reglar de ikkje ønskjer å ha med i skulereglane?
  • Kva tenkjer de om reaksjonsmåtane skulen kan bruke når ein elev har brote skulereglane?
  • Kva ting i skulekvardagen ønskjer de å vera med på å bestemma?
  • Korleis ønskjer de å vera med og bestemme i skulekvardagen?


De står også fritt til å uttale dykk om andre ting de synest er viktige. Alle innspel vil bli vurdert før eit endeleg forslag til felles reglar for skulane i Hustadvika kommune blir lagt fram for og bestemmast av kommunestyret i desember.