Fræna folkebibliotek si historie

Fræna allmugebogsamling

Josef Jervell (1813-1885) var prest i Fræna prestegjeld frå 1860 til 1873. Han var omtala som ein god pedagog og forkynnar og stilte bøkene sine til disposisjon for Frænens herred frå 1860 og utover. Boksamlinga var oppbevart i kyrkja og utlånet gjekk føre seg derifrå. Bøkene var i hovudsak kristeleg, oppbyggeleg litteratur og dei starta med utlån allereie i 1862.

 

 

Svært mange ungdomslag hadde sine eigne boksamlingar til utlån for folk i bygda og dei fekk støtte frå staten til innkjøp av bøker. Utlån av bøker vart sett på som ei viktig og samfunnsnyttig ordning. I Sylte og Malme ungdomslag vart det nedsett ein bokkomité i 1918 og lærar Konrad Kvalstad på Malme skule var ein sentral person i denne komiteen. Det blei bestemt å tinge bøker hos bokhandlar Dahl og i første omgang skulle dei ha ei bokkasse med 50 bøker til utlån. Dette vart kosta av ungdomslaget. I 1935 fekk dei ei kasse med 50 bøker frå Statens vandreboksamling som inneheldt både fag- og skjønnlitteratur. Litteraturen skulle vere variert, men var berre for vaksne! Utlånsdag var kvar fredag kl. 9 - 11. I krigsåra var det ikkje utlån og bøkene blei stabla vekk. Etter krigen starta dei så smått opp igjen med utlån. I Elnesvågen var det ungdomslaget som stod for utlån, men dei lokale laga fekk ikkje lenger støtte til å oppretthalde eigne boksamlingar og i 1948 gav dei bøkene til Fræna kommunale boksamling. I eit brev til ordføraren i Fræna frå 1947, la leiarane i Sylte og Malme ungdomslag og Elnesvågen ungdomslag fram sine synspunkt rundt oppstart av ei kommunal folkeboksamling. Begge laga fekk eit medlem inn i det nye styret slik dei hadde ytra ønske om og Asbjørn Moen og Sverre Dale vart valt inn. Paul P. Valle (1917-1986) var den første styraren for Fræna folkeboksamling som vart plassert i Sandsbukta. Folkeboksamlinga hadde bokkasser rundt om i kommunen. Ei bokkasse bestod av 50 bøker der halvparten skulle vere faglitteratur og den andre halvparten skjønnlitteratur. Bokkassene blei bytta med jamne mellomrom mellom dei ulike bygdene i kommunen. Kretsane i gamle Fræna var Helset, Hoem, Valle, Malme, Sylte, Haukås, Løset og Stavik. På Bjørnsund var det og bokkasser fram til 1971.

 

Etablering av Fræna Folkeboksamling

Den 3. januar 1964 møtte boksamlingsstyra i Bud, Hustad og Fræna til møte på Haukås skole etter ei innkalling frå bibliotekinspektøren i Møre og Romsdal, Karl Alvestad. Det møtte 13 styremedlemar frå dei tre gamle kommunane. I tillegg møtte ordførar Sverre Moen og formannskapssekretær Harald Stavik. Ole Valle som hadde vore formann i gamle Fræna folkeboksamling leia møtet. Der vart dei einige om å gå saman til ei felles folkeboksamling som dei kalla Fræna folkeboksamling og den skulle ligge i Elnesvågen i den nye ungdomsskulen som var planlagt. Inntil vidare skulle samlinga vere i Sandbukta der den hadde vore fram til då. Sjølvstendige filialar skulle vere i Bud, på Hustad, i Søre Fræna og på Bjørnsund. Utlånsstasjonane der bokkassene skulle stå var på Skotten, Vassenden, Nerland, Hustad, Skarset, Vikan, Helset, Valle, Hoem, Sande, Malme, Sylte, Løset og Stavik. Filialane skulle ha dei bøkene dei hadde frå før og deretter få eit visst antal nye bøker kvart år. Filialane hadde ofte tilhald på skulane. Det vart valgt eit boksamlingsstyre på fem personar med Ole Valle som leiar. Dei andre var Kristian Opstad, Sigurd Sletvold, Hans Tande og Laura Hustad. Hovudbibliotekar var Paul P. Valle. Det var til saman 7.262 innbyggjarar i den nye kommunen etter samanslåinga i 1964. Boksamlinga hadde ope to timar ein gong i veka. Bibliotekarane fekk ei årleg godtgjersle pluss fem øre pr utlån. Til eksempel hadde bibliotekaren på Bjørnsund kr 355,- pr år, i Bud, Bergset og Vikan kr 500,- pr år , og på Hustad kr 900,- pr år. Styret hadde ofte møte og var då samla på realskulen i Elnesvågen.

I 1969 var den nye ungdomskulen i Elnesvågen ferdig og det vart vedtatt å kjøpe inn utstyr til kombinasjonsbiblioteket som skulle ligge der. Paul P. Valle skulle halde fram i stillinga til boksamlinga var flytta til ungdomsskulen og ny bibliotekar vart tilsett. I 1970 hadde hovudboksamlinga totalt 4805 bøker, filialen på Bjørnsund hadde 1745 bøker, filialen i Bud 3040 og på Hustad 3588. Totalt vart det utlånt 4509 bøker på hovudboksamling og filialar, og det var 514 lånarar. I september 1971 vart bøkene frå Bjørnsund flytta til hovudbiblioteket. Dei fleste som budde på Bjørnsund hadde no flytta, og det var ikkje lenger behov for utlån der.

I 1972 vedtok styret nytt reglement for Fræna folkebibliotek og hausten 1972 vart Marianne Havdal tilsett som bibliotekstyrar. Ho var der i om lag eitt år. Etter henne var Magni Melvær styrar om lag eitt år og deretter Olga Marie Øverås Korir eit par år. Karen Talberg arbeidde på biblioteket i nærare 20 år og var fleire gonger konstituert som bibliotekstyrar. Evy Sisilie Bergum var biblioteksjef frå 1978 fram til Gudrun Refstrup tok over i 1984. Gudrun Refstrup var der til ho gjekk av med pensjon i 2016. Frå 2016 tok  Anne Husøy over som leiar.

Bank- bokbuss frå 1976

Fræna var den første kommunen i landet som fekk bokbuss. Bud, Hustad og Fræna Sparebank kjøpte buss og biblioteket fekk leie plass i bussen for bøker til utlån. Dette var eit godt tilbod for folk i distrikta som no fekk låne bøker samtidig som dei fekk tilgang på banktenester. Bokbussen hadde plass til ca. 1000 bøker. Kåre Sørgaard var tilsett i starten som sjåfør, bank- og bibliotekekspeditør på bussen, og heldt på til 1980 då Bersvend Borgestrand tok over. Han var der til ruta vart nedlagt i 1994. Stoppestadane var stort sett på utvalde nærbutikkar i kommunen. Bokkassene på ulånsstasjonane ute i distrikta var framleis i drift. Lokale for filialane var og ei oppgåve for styret, det var stadig nye tilsetjingar og flytting av bokkasseansvar i dei ulike krinsane. I 1977 hadde biblioteket  to fulle stillingar, ¼ stilling var på bokbussen. Biblioteket hadde ope 20 timar i veka.

Nye lokale

Lokala ved ungdomsskulen vart snart for små og det var lenge snakk om nye lokale, heilt frå slutten av 70-tallet. Ulike lokale vart undersøkt og i desember 1985 var endeleg biblioteket på plass i dei nye lokala i Frænahallen.  

Dette er henta frå Anne Holen Helseth sin artikkel om Fræna allmugeboksamling – Fræna folkebibliotek, som stod i Gammalt frå Fræna 2018. Her kan du lese heile artikkelen.

2023

14. august 2023 flytta biblioteket inn i leigde lokaler i Torget 12, midt i Elnesvågen sentrum.