Forskrift om skulereglar i Hustadvika kommune - høyringsutkast

Fastsett av kommunestyret i Hustadvika kommune xx.xx.2024 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskuleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 10-7.

§ 1 MÅLET MED SKULEREGLANE

Skulereglane skal gjere skulen til ein god stad å vere.

Skulereglane skal bidra til at du og medelevane dine trivst og lærer på skulen. Reglane skal også bidra til å skape eit godt fellesskap på skulen.

§ 2 KVEN GJELD REGLANE FOR

Reglane gjeld deg som er elev i ein av Hustadvika kommune sine barne- eller ungdomsskular.

§ 3 ELEVEN SITT BESTE OG RETT TIL Å BLI HØYRT

I alle sakar som blir behandla etter desse reglane, skal omsynet til eleven sitt beste vere eit grunnleggjande omsyn.

Skulen skal ivareta elevane sin rett til å bli høyrt i sakar som angår dei.

§ 4 KVAR GJELD REGLANE

Reglane gjeld på skulen, på turar med skulen, på skulevegen og i skuleskyssen. Reglane gjeld også i det digitale rommet.

§ 5 NÅR GJELD REGLANE

Reglane gjeld i skuletida, når du er på veg til og frå skulen og på skulearrangement.

§ 6 RETTAR 

Dette er rettane dine på skulen
a)    Å ha det trygt og godt og bli inkludert på skulen
b)    Å bli møtt med tillit og respekt
c)    Å få seie meininga di og å bli lytta til
d)    Å få delta i skuledemokratiet og å få vere med å påverke skulekvardagen din
e)    Å få god og tilpassa opplæring
f)    Å få hjelp om du strevar med å komma på skulen, delta aktivt i opplæringa eller følgje reglane på skulen

§ 7 PLIKTER

Dette er pliktane dine på skulen
a)    Å delta aktivt i opplæringa og gjere ditt beste. Dette betyr mellom anna at du skal
1)    møte til undervisninga i rett tid og melde frå om du er sjuk
2)    gjere oppgåvene du får
3)    levere arbeid i rett tid
4)    vere merksam i timane og delta så godt du kan
5)    ikkje vere på sosiale media eller forstyrre undervisninga
6)    ha med deg utstyr du treng og ha skulesakene i orden
b)    Å møte medelevar og vaksne med vennlegheit og respekt

§ 8 DETTE ER GOD ÅTFERD

a)    å vere høfleg
b)    å vere hjelpsam
c)    å vere vennleg
d)    å gjere ein god innsats
e)    å vere ein god venn

§ 9 DETTE ER IKKJE GOD ÅTFERD

a)    å bruke stygge ord
b)    å øydeleggje for andre
c)    å forstyrre undervisninga
d)    å erte og plage andre
e)    å ta andre sine ting
f)    å true, krenkje eller bruke vald mot andre

§ 10 KVA DU IKKJE KAN HA MED/ BRUKE PÅ SKULEN

Du skal ikkje ha med farlege eller ulovlege ting på skulen.

Mobiltelefonar, smartklokker og andre private kommunikasjonsmiddel skal ikkje brukast i skuletida. Elevar som har med slike, leverer desse inn i starten av skuledagen og får dei ut igjen når skuledagen er slutt.


§ 11 SKULEN, TRINNET OG KLASSEN SINE EIGNE REGLAR

Skulen kan fastsetje eigne reglar som utdjupar, utfyller og konkretiserer reglane i denne forskrifta. Dette kan til dømes vere eigne klassereglar eller reglar tilpassa eventuelle spesielle forhold ved skulen.

Å fastsetje eigne reglar i klassen, på trinnet og på skulen er ei viktig oppgåve for skuledemokratiet.

Skulereglane skal gjelde det som er viktigast for deg og medelevane dine i skulekvardagen.

Det må ikkje blir så mange reglar at det blir vanskeleg å halda oversikta og etterleve reglane.

Reglane skulen lagar kan ikkje innskrenke rettane du har etter skulereglane til kommunen.

§ 12 OM DU BRYT SKULEREGLANE

Ved eitt eller nokre få, mindre brot på skulereglane kan læraren eller ein annan voksen ta det opp med deg i ein samtale. Ved fleire eller grove brot på skulereglane kan skulen bruke ei av reaksjonsformene som er omtalte i § 12.

Dersom du bruker mobiltelefon, smartklokke eller andre private kommunikasjonsmiddel i skuletida, kan skulen ta frå deg telefonen eller klokka og låse den inn for resten av skuledagen. Du skal få telefonen eller klokka tilbake når skuledagen er slutt.

Dersom du forstyrrar læringa for dei andre elevane, kan læraren endre kvar du sit i klasserommet, gi deg andre oppgåver eller be deg levere inn ting som forstyrrar i klasserommet. Dette er døme på mindre inngripande tiltak som følgjer av retten skulen har til å organisere og leie undervisninga. Slike mindre inngripande tiltak kan dei vaksne gjennomføre utan at dei står nemnt her i skulereglane.

Dei vaksne på skulen skal alltid tenkje på korleis dei kan handle til det beste for deg.

Rettane dine, mellom anna til å ha det trygt, til å bli høyrd og møtt med tillit og respekt gjeld også om du har brote skulereglane.

Skulen kan ikkje bruke andre tiltak enn dei som er fastsette i denne forskrifta.

Tiltaket skulen set i verk, skal stå i eit rimeleg forhold til regelbrotet. Det vil seie at skulen ikkje skal reagere kraftigare enn det er grunnlag for.

Skulen skal følgje reglane for god saksbehandling.

§ 13 SAKSBEHANDLING VED BROT PÅ SKULEREGLANE

Nedanfor følgjer døme på korleis skulen kan reagere om du har brote skulereglane fleire gonger eller på ein alvorleg måte:

Dersom du fleire gonger eller i alvorleg grad forstyrrar undervisninga eller gjer medelevane dine utrygge, kan læraren vise deg ut av undervisninga i inntil to timar. Du skal då få i oppgåve å gjere andre ting på skulen. Dei vaksne på skulen skal vere til stades og rettleie deg. Du skal få ei god forklaring på kvifor du ikkje får delta i undervisninga. Dei alternative oppgåvene du får, skal vere slik at du kan lære av dei.

Dersom du på andre måtar har ei åtferd som bidreg til å gjere skulemiljøet utrygt for medelevane dine, skal rektor eller nokre andre i skuleleiinga ta ein samtale med deg. Du kan få ha med deg ein du er trygg på i samtalen – det kan vere ein medelev, læraren din, eller ein annan vaksen på skulen som du stoler på. Du skal få fortelje korleis du opplevde situasjonen. Rektor skal lytte til deg og leggje vekt på det du seier. Saman skal de leggje ein plan for korleis du skal kunne følgje reglane på skulen. Rektor skal ta utgangspunkt i at tiltaka skal vere til det beste for deg og medelevane dine, og at tiltaka skal auka sjansane for at du følgjer skulereglane i framtida. Dersom du ikkje betrar åtferda di, skal rektor invitera foreldra dine til ein samtale.

Om du ofte bryt ein eller fleire av skulereglane, skal kontaktlæraren ta ein samtale med deg og foreldra dine. Då skal de saman finna ut kva som skal til for at du skal klare å følgje reglane.

Viss du har øydelagt noko som er andre sitt eller skulen sitt, kan du og foreldra dine bli bedne om rydde opp og/ eller erstatte det som har vorte øydelagt.

Dersom du har med farlege eller ulovlege ting på skulen, vil skulen ta desse gjenstandane frå deg. Farlege eller ulovlege ting får du ikkje tilbake.

Ved fleire eller grove brot på skulereglane, kan rektor vise deg bort frå skulen. Dette kan til dømes vere om åtferda di går alvorleg ut over tryggleiken eller læringa til éin eller fleire medelevar, eller om du bruker vald eller trugslar. Skulen skal alltid vurdere andre tiltak i staden. Du kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.

Er du elev på barneskulen, kan du maksimalt visast bort for resten av dagen. Er du elev på ungdomsskulen kan du maksimalt visast bort for tre dagar. Foreldra dine skal få melding før du blir vist bort for resten av dagen eller lengre, slik at dei kan hente deg.

Bortvising for éin dag, eller meir, vil vere eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Lovens reglar for saksbehandling gjeld. Rektor har då plikt til å greie ut og opplyse saka skikkeleg og til å informere om kva som er lagt til grunn for avgjerda om å utvise deg. Du har rett til å bli høyrd i saka. Du har også rett til å klage på avgjerda.

Skulen skal ikkje bruke merknader som refsingstiltak, eller reagere med andre tiltak enn dei som er nemnde her i skulereglane. Dialog mellom elev og vaksen er viktig.

§ 14 SKULEDEMOKRATIET

Skolen skal hjelpe elevane i arbeidet med skuledemokratiet, slik det står i § 10-4 i opplæringslova. Skulen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunna ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skuledemokratiet.

Skulen skal ha eit elevråd og eit foreldreråd, slik det står i § 10-5 i opplæringslova. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Det kan foreldra òg. Om elevane eller foreldra ønskjer ei anna organisering, skal dette fastsetjast i skulen sine eigne skulereglar.

Skulen skal også ha eit samarbeidsutval. Utvalet gir råd og kjem med forslag til skuleleiinga. Utvalet skal få vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere skuleverksemda, mellom anna arbeidet med skulemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjing av skulereglar. Utvalet skal ikkje behandle saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Samarbeidsutvalet skal bestå av seks eller ni personar: like mange elevar, foreldre og tilsette. I tillegg møter rektor som sekretær for utvalet.  Elevane har møte-, tale- og forslagsrett i samarbeidsutvalet, men ikkje møteplikt. Elevane kan melde inn og førebu saker til utvalet. Foreldra, lærarane og skuleleiinga kan også melde inn og førebu saker til samarbeidsutvalet.

Rektor, og ein av foreldra har saman ansvar for å kalle inn, sende ut sakspapir og skrive referat frå møtet. Utvalet skal ha minst fire møte i året. Utvalet avgjer sjølv når på året det skal utnemnast nytt utval. Samarbeidsutvalet kan forme ut eigne reglar om korleis arbeidet i utvalet og samarbeidet mellom skulen og heimen skal gå føre seg. Samarbeidet må uansett oppfylle minstekrava i opplæringslova med forskrifter.

§ 15 VURDERING

Ordenen og åtferda di skal vurderast ut frå skulereglane. Kva du kan i faga skal ikkje takast med i denne vurderinga.

Orden heng saman med om du kjem i tide, er førebudd og gjer skulearbeidet ditt.
Åtferd heng saman med om du viser omsyn og respekt for andre.

Vurderinga i orden og i åtferd skal bidra til at du lærer sosiale ferdigheiter, at skulemiljøet blir trygt og godt og at du får vite kva som er god orden og åtferd. Du skal bli gjort kjent med skulereglane.

I vurderinga skal det takast omsyn til føresetnadane dine. Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar, med mindre dei er særleg klanderverdige eller grove.

§ 16 NÅR TRER REGLANE I KRAFT

Disse skulereglane trer i kraft 1. januar 2025.

Forskrift for ordensreglement i grunnskolen i Hustadvika kommune om skulereglar vedtatt i Hustadvika kommunestyre 15.10.20 er oppheva.