Skuleval på Fræna ungdomsskole fredag 10. september

I dag gjennomførte vi skuleval på Fræna Ungdomsskule. Elevane har sidan skulestart arbeidd tverrfagleg med stortingsvalet i norsk og samfunnsfag på alle trinn. Dei har sett seg inn i kva dei ulike partia står for og øvd seg på å halde appell om saker dei er opptatt. Demokrati og medborgarskap er eit sentralt tverrfagleg tema i Fagfornyinga, og det står i overordna del av læreplanen at skulen skal gje elevane moglegheit til å medverke og lære kva demokrati betyr i praksis. 

Skulen ønska derfor å arrangere skuleval dette året. Slik vil elevane få vere med å aktivt ta eit val og vere ein del av demokratiet i praksis. Vi var heldige og fekk lov av kommunen å bruke eit ekte vallokale i kantina. Elevrådsrepresentantane på kvart trinn tok ansvar for gjennomføringa av valet, registrerte elevane i manntalet og sikra at valet var fritt og rettferdig. Mange elevar var sikre i valet sitt, og andre syntest det var vanskeleg å treffe eit val. Elevane kunne velje mellom dei ni politiske partia som er representert på Stortinget i noverande periode, i tråd med tilrådingar for skuleval frå Utdanningsdirektoratet.

Resultatet var ulikt på 8., 9. og 10. trinn, men dei tre største partia var veldig jamne. Størst var Framstegspartiet med 25%, og like store vart Senterpartiet og Arbeidarpartiet med 23% kvar. På 8. trinn var Arbeidarpartiet størst, på 9. trinn Senterpartiet og på 10. trinn var det Framstegspartiet som fekk flest stemmer. Totalt fekk Høgre 11%, Raudt 7%, Venstre 6%, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti fekk 2%  og Miljøpartiet Dei Grøne fekk 1% av stemmene.

Vi er fornøgde med god valoppslutning blant elevane og ei god gjennomføring av valet. Det var til og med elevar som var heime som ønska å stemme.    

Forfatter og foto: Bente Iversen Foseide