Skrivekonkurranse for deg mellom 14 og 25 år

Bli med og skriv ei historie til Gammalt frå Fræna og Eide.

Oppfordrer ungdom i alderen 14 til 25 år til å skrive ei historie frå gamle dagar. Intervju gjerne ein eldre person, kanskje ein oldefar, ei bestemor eller andre som har levd ei stund. Spør til dømes om korleis det var å vekse opp før i tida. Eller du kan skrive om ei hending i bygda eller kommunen.

Historia bør vere minst 1 A4 side, eller opptil 4 sider. Du kan skrive på bokmål eller nynorsk. Legg gjerne ved bilete og send til franasogelag@gmail.com.

Frist: 1. august. Premie: kr 3000,- , Historier som ikkje blir premiert kan og bli kjøpt inn til bruk.

Konkurransen er eit samarbeid med Romsdalsbanken.

 Astrid Helset og Johanne Kroknes sitt og skriv, ca 1947.