Brit Bildøen på biblioteket i Elnesvågen

Dato
17. april 2024
Tid
19:00 - 20:00
Sted
Biblioteket i Elnesvågen

Brit Bildøen i samtale med Øystein Hauge.

I sin siste roman «Gult farevarsel» tar forfattar Brit Bildøen lesaren med til fjells. På fjellgarden Instesetra skal Dorte og familien hennar feire foreldra sitt gullbryllaup. Men Dorte angrar så snart dei kjem fram. Det er sein haust, uvêret bryt laus og vegen vert sperra av ras. Familien blir stengd inne på setra, tett oppi kvarandre og saman med to tvilsame jegarar. Lite aner Dorte at raset berre er den første av ei rekkje hendingar familien aldri kjem til å gløyme. Brit Bildøen har skrive ein intens og spennande roman og snakkar om arbeidet med boka, familierelasjonar, eit stadig villare vêr og plassen vår i naturen.  

Brit Bildøen har skrive neste tjue bøker og har motatt ei rekkje prisar. Ho er utdanna bibliotekar og kjem frå Aukra.

Arrangementet er eit samarbeid med Litteraturhus i Møre og Romsdal og er gratis.

 

Arrangør

Hustadvika bibliotek i samarbeid med Litteraturhus i Møre og Romsdal